Attraktive og varierte hyttetomter ved Reimegrend i Raundalen.
I Groadalen er det ferdig reguleringsplan for 33 hytter i etablert hyttefelt. Flott utsikt mot Raundalsryggen (fjelltoppar over 1400 moh.), dalen og høgfjellet. Området tilbyr eit variert og flott turterreng til alle årstider. Her er det snøsikkert, og ein kan gå rett frå hytta ut i eit familevenleg skiterreng. Det er kilometervis med oppkøyrde skiløyper (3 mil oppkøyrd kvar helg i sesongen), og vidare kan ein gå storslagne toppturar og oppleva vestnorske fjell på sitt mest spektakulære.
Den freda Raundalselva er eit eldorado for rafting og padling, og fjellvatn og elvar i området kan tilby gode fiskeplassar, og bading på fine sommardagar. Av andre aktivitetar kan me nemna fjellturar, sykkelturar på vegar og stiar i nærområdet, bærplukking, sopp, jakt - eller berre det å oppleva eit rikt dyre- og fugleliv på nært hald.
Reimegrend er stasjon på Vossebanen og har vore hytte- og utferdsområde for fleire generasjonar bergensarar, på same måte som Mjølfjell. Reguleringsplanen for Groadalen utvidar og supplerer veletablerte hytteområde mellom Øvsthus og Brekkestølen, og det er opparbeidd veg inn i feltet. Tomtene ligg i utmark omlag 600 moh. og har storleik på 800±900 m2.
Gangavstand til stasjonen er ca. 1,5 km. Togtid til Voss er 29 minutt og til Bergen 2 t og 10 minutt. Med bil er køyretida ca 40 minutt til Vossevangen eller alpinanlegget i Bavallen.
Tomteprisane varierer frå kr 450.000 til kr 550.000.