Flotte hyttetomter Groadalen, regulert hyttefelt på Reimegrend i Raundalen, Voss

Attraktive og varierte hyttetomter ved Reimegrend i Raundalen. I Groadalen er det ferdig reguleringsplan for 33 hytter i etablert hyttefelt. Flott utsikt mot Raundalsryggen (fjelltoppar over 1400 moh.), dalen og høgfjellet. Området tilbyr eit variert og flott turterreng til alle årstider. Her er det snøsikkert, og ein kan gå rett frå hytta ut i eit familevenleg skiterreng. Det er kilometervis med oppkøyrde skiløyper (3 mil oppkøyrd kvar helg i sesongen), og vidare kan ein gå storslagne toppturar og oppleva vestnorske fjell på sitt mest spektakulære.

Den freda Raundalselva er eit eldorado for rafting og padling, og fjellvatn og elvar i området kan tilby gode fiskeplassar, og bading på fine sommardagar. Av andre aktivitetar kan me nemna fjellturar, sykkelturar på vegar og stiar i nærområdet, bærplukking, sopp, jakt - eller berre det å oppleva eit rikt dyre- og fugleliv på nært hald.

Reimegrend er stasjon på Vossebanen og har vore hytte- og utferdsområde for fleire generasjonar bergensarar, på same måte som Mjølfjell. Reguleringsplanen for Groadalen utvidar og supplerer veletablerte hytteområde mellom Øvsthus og Brekkestølen, og det er opparbeidd veg inn i feltet. Tomtene ligg i utmark omlag 600 moh. og har storleik på 800 - 900 m2.

Gangavstand til stasjonen er ca. 1,5 km. Togtid til Voss er 29 minutt og til Bergen 2 t og 10 minutt. Med bil er køyretida ca 40 minutt til Vossevangen eller alpinanlegget i Bavallen.

Tomteprisane varierer frå kr 450.000 til kr 550.000.
Sjå prospekt, prisliste og nettsida for nærmare informasjon om Groadalen hyttefelt og kvar enkelt tomt.

 

Tilkomst

Ta toget til Reimegrend stasjon, eller ta av Rv 13 ved Palmafossen i retning Mjølfjell og køyr ca 21 km.
Tomtene ligg fordelt over eit større område og kan befarast på eiga hand ved hjelp av kart som du finn på heimesida vår, eller ved å kontakta ein av grunneigarane for vising:

Kåre Øvsthus, tlf. 907 33 150
Olav Brekke, tlf. 917 40 019
Dagny Vangen, tlf. 416 36 560
Eilev Øvsthus, tlf. 952 83 154
 

Landskap

groadalen-reimegrend-landskap 1
groadalen-reimegrend-landskap 10
groadalen-reimegrend-landskap 11
groadalen-reimegrend-landskap 12
groadalen-reimegrend-landskap 13
groadalen-reimegrend-landskap 14
groadalen-reimegrend-landskap 15
groadalen-reimegrend-landskap 16
groadalen-reimegrend-landskap 17
groadalen-reimegrend-landskap 19
groadalen-reimegrend-landskap 2
groadalen-reimegrend-landskap 20
groadalen-reimegrend-landskap 21
groadalen-reimegrend-landskap 22
groadalen-reimegrend-landskap 23
groadalen-reimegrend-landskap 24
groadalen-reimegrend-landskap 25
groadalen-reimegrend-landskap 26
groadalen-reimegrend-landskap 27
groadalen-reimegrend-landskap 28
groadalen-reimegrend-landskap 29
groadalen-reimegrend-landskap 3
groadalen-reimegrend-landskap 30
groadalen-reimegrend-landskap 31
groadalen-reimegrend-landskap 32
groadalen-reimegrend-landskap 33
groadalen-reimegrend-landskap 34
groadalen-reimegrend-landskap 35
groadalen-reimegrend-landskap 36
groadalen-reimegrend-landskap 37
groadalen-reimegrend-landskap 38
groadalen-reimegrend-landskap 39
groadalen-reimegrend-landskap 4
groadalen-reimegrend-landskap 40
groadalen-reimegrend-landskap 5
groadalen-reimegrend-landskap 6
groadalen-reimegrend-landskap 7
groadalen-reimegrend-landskap 8
groadalen-reimegrend-landskap 9

 

Aktivitetar

groadalen-reimegrend-aktivitetar 1
groadalen-reimegrend-aktivitetar 10
groadalen-reimegrend-aktivitetar 11
groadalen-reimegrend-aktivitetar 12
groadalen-reimegrend-aktivitetar 13
groadalen-reimegrend-aktivitetar 14
groadalen-reimegrend-aktivitetar 15
groadalen-reimegrend-aktivitetar 16
groadalen-reimegrend-aktivitetar 17
groadalen-reimegrend-aktivitetar 18
groadalen-reimegrend-aktivitetar 19
groadalen-reimegrend-aktivitetar 2
groadalen-reimegrend-aktivitetar 20
groadalen-reimegrend-aktivitetar 3
groadalen-reimegrend-aktivitetar 4
groadalen-reimegrend-aktivitetar 5
groadalen-reimegrend-aktivitetar 6
groadalen-reimegrend-aktivitetar 7
groadalen-reimegrend-aktivitetar 8
groadalen-reimegrend-aktivitetar 9